Gå til innhold
Battle Of The South
Tekst: Solveig Marie Ulstein - Foto: Saona Puth
 

12-14. november var vi på danselinja med på Battle Of The South som fant stad på Samsen kulturhus.

Fredag ettermiddag var vi ganske nervøse før vi skulle konkurrere. Etter ei lita oppvarming ilag med «Variatix crew» dansecrewet til vår kjære danselærar Gina, fekk vi ha sceneprøve. Det var veldig nyttig og vi fekk roa ned nervane ganske mykje. Det var og nokre andre elevar frå bibelskulen som kom og såg på oss, so å møte dei var ein tryggleik og var energigivande før vi skulle prestere på scena.

Vi konkurrerte i noko som heiter showcase. Showcase vil seie at ein har ferdiglaga dansekoreografi som ein viser fram for publikum og blei bedømt av tre dommarar, Clara Bajado, Kashmir, og Renegade. Alle desse er godt kjende innanfor hip hop miljøet. Når dei skulle bedømme blei vi først og fremst bedømt utifrå korleis vi som gruppe samarbeida om vi var synkroniserte, korleis formasjonane var, og korleis vi presterte danseteknisk. Og kvaliteten i bevegelsane, korleis vi forstår dansestilen og musikken. I tillegg såg dei på kor komplekst det var, flyten, bruken av rommet, koreografien, autensitet, uttrykk, tilstedeverelse med meir.
 
dans-8
 
Vi var til saman 8 dansecrew som konkurrerte i showcasen. Mellom anna konkurrerte vi mot Variatix crew og Abcence dancecrew. Det var skyhøgt nivå med mange flinke danserar. Det kom difor ikkje som eit sjokk at vi ikkje vant når dei fleste av oss på danselinja aldri har dansa noko særlig hip hop før vi byrja på Ansgar no i august. Våre dyktige konkurrentar har heldt på med hip hop i fleire år. Det var gøy å ha blitt med like vel, og det er ei erfaring vi kjem til å ta med oss vidare i livet.
 
dans-9
 
Laurdagen kunne vi slappe av litt meir, sidan vi ikkje skulle konkurrere. Vi starta dagen med å vere på hip hop workshop med Clara. Der vi fekk lære nokre basic steg og øve på det. Etter workshopen var det all styles crew battle. Det var veldig gøy å sjå Gina i sitt rette element, og vi var veldig stolte over at dei ende opp med ein sterk 2.plass!  Vi fekk og sjå på breake battle 2 vs. 2, det var utrulig imponerande, intenst og gøy. Eg fekk lyst å byrje å breake sjølv av at dei alle var så flinke. Akkurat det kjem nokk ikkje til å skje, men eg har fått mykje meir respekt, interesse og beundring for breaking.
 
dans-3
 
Søndag var vi på house workshop med Marcio, der vi fekk innblikk i house stilen, fekk lære basic steg som ende opp i ein gøy koreografi. Alt i alt var denne helga utruleg inspirerandes og lærerik. Det var veldig gøy å få kome saman med andre dansarar, og det å sjå kor flinke dei var og er bidrog til ein ny vedkubbe på bålet som heite danseglede. Denne helga gav ny inspirasjon og meir danseglede.