Gå til innhold
Elvepadling i Lyngdal

Tekst: Corinna Kirkedam, KRIK

Tysdag 15. til onsdag 16. september reiste me i KRIK-klassen til Lyngdal for å elvepadle. Her møtte me to flotte instruktørar frå Lyngdal VGS.

Første punkt på programmet var testing av elvekajakkene, der me velta i kajakk og hadde bli-trygg-øvingar på stille vatn.

På ettermiddagen reiste me til Åtlandssklia. Her blei utfordringa litt større, og stryket såg veldig skremmande ut på fyste augekast. Likevel valde mange å sette utfor sklia, og fann ut at det var nokså gøy.

Vidare reiste me til Spangereid. Etter ein god kveld med god stemning tok fleire turen heim att til Ansgar medan andre blei att for nye utfordringar neste dag.

Onsdag 16. september reiste me nok ein gong til Lyngdal til eit litt mildare stryk kalla Vegge. Her fekk me òg prøvde oss på slalåm-padling. Dagen endte med at me tok eit bad nedover stryket. 

Takk for ein fin tur!